Prosjekt- og kontraktsmøblar

Vangstol prosjekt - tonningstryn.no

Vi har lang erfaring innan prosjekt- og kontraktsmøblar. Vi er også ein betydeleg leverandør av møblar til ambassadar.

Vi har eit stort utval stolar, både stabelbare og koplingbare, som har ein utmerka sittekomfort. Vi leverer også små og store konferansebord, både standardbord og på spesialproduksjon. Møblane leverast i heiltre eik og flammebjørk. Dei kan beisast, lakkast og malast i eit rikt utval fargar.

Ta gjerne kontakt for nærare informasjon og prisar!