Tonning & Stryn AS
Øyravegen 4,
N – 6783 STRYN
Alle produkta våre er laga av tre. Vi har en lang tradisjon for bearbeiding av tre, og det var nettopp med tre at alt starta i 1939. Tre er eit levande og fornybart materiale og har store miljøfordelar samanlikna med andre materiale. Det er ein fornybar ressurs og er eit veldig fordelaktig materiale frå eit livssyklusperspektiv. Tre er gjenbrukbart og resirkulerbart.
Eit møbel frå Tonning & Stryn er ei investering som varer i generasjonar. Møblar som i seg sjølv har høg kvalitet og lang levetid er i seg sjølv bra for miljøet, ettersom dei kan brukast i lang tid. Å bruke naturmateriale som tre gjer at møblane våre eldast på ein vakker måte.
Å lage møblar med lang levetid, både teknisk og designmessig, er ein av dei viktigaste måtane vi kan bidra til eit berekraftig samfunn.