Alf Sture

1915 – 2000

Alf Sture, designer for Tonning & Stryn

Alf Sture er ein av nestorane i norsk møbeldesign. Han har mottatt ei rekke prisar og utmerkingar for sine former og interiør. Arven etter han overlever dagens moteretninger på grunn av kvalitet og funksjonalitet.

Møblane, sa han, skal fungere etter si hensikt. Særleg er det viktig at sittemøblar er tilpassa anatomiske krav, men utover dette bør dei med si form vere med på å prege eit miljø med tryggheit og varme, og gjerne appellere til noko kjent og kjært.

Alf Sture arbeidde alltid tett med oppdragsgjevarane sine. Det ga han ei forståing som var avgjerande for han. Samarbeidet med Tonning Møbelfabrikk varte frå 1960 til han slutta å arbeide i 1995. Våre felles ideal når det gjaldt form, funksjon og kvalitet, gjorde at han fekk realisere mange idear i dette samarbeidet.

Nokre høgdepunkt i Alf Sture sitt liv
1940: Begynte i lære hos snekkermestrene Hiorth & Østlyngen.
1943: Innkjøpt til Kunstindustrimusset i Oslo.
1960: Teikna første kolleksjon for Tonning Møbelfabrikk.
1990: Tildelt Kongens fortjenestemedalje i gull og Norsk Forms ærespris.

Norsk biografisk leksikon: https://nbl.snl.no/Alf_Sture