Men det er det som kjenneteiknar ekte handverk. Ein merkar om nokon har gjort seg flid, nett slik ein merkar om nokon tek snarvegar. Vi ynskjer å skape noko som varar. Det tek tid, men så vert resultatet så mykje betre.
På tregrensa
Det kan være kranglevorent, treet. Og det yppar som oftast til strid med designaren. Når to sterke viljar møtast, altså designaren sin visjon og treet sine begrensningar, må dei einast. Ikkje alltid lett, men i grensegangane oppstår møbelkunst.
Ikkje berre plankekøyring
Det skal kvalitetssikrast, òg. Eit trent auge ser med ein gong kor på møbelet dei ulike stykka av treet skal, og kva som må skjærast vekk. Dei ser kvistar der andre ser kvitt tre, dei ser framtidige sprekker. Slikt kan ikkje erstattast med maskiner.
Slektstre
Godstolen til besten. Skjenken med treskjering frå ei grandtante. Når ein ser på møblar som investering heller enn forbruk, så får dei varig verdi. Dei blir ynskt. Dei lekamleggjer slektsband. Dei blir arvegods.