+

Scenario

AS Scenario er eit spanande fagfelleskap for interiør, arkitektur og design. Selskapet vart etablert i 1985 av Linda Steen, som saman med Lena Axelsson har designa fire spanande serier for Tonning & Stryn.

Vår utfordring til Scenario var å skape kvalitetsmøblar for eit nytt århundre. Dei svara med eit klassisk og reint formspråk som harmonerer med vårt syn på materialbruk og vår standard på handverk. Alt er produsert i heiltre eik.

Vi gler oss kvar dag over møblane, som kombinerer estetikk, funksjon og brukarkomfort på en svært god måte.
Det kjem du også til å gjere.

Du kan sjå og lese meir hjå Scenario si heimeside:

www.scenario.no