Olav Eldøy

eldoy.no  //

Olav Eldøy - designer tonningstryn.no

Olav Eldøy, som er designar for vår møbelserie DINA, har skapt ein ny stil med assosiasjonar tilbake til 30-60-talets Scandinavian Design og Art Deco møblar.

Stikkord for formen er spelet mellom lett og tungt, mjukt og hardt. Dei organiske mjuke linjene speler mot dei harde skarpe fasane.

Olav Eldøy er fødd i 1948 og utdanna ved Kunsthøgskolen i Bergen. Han har arbeida for mange norske fabrikkar, og har også erfaring frå internasjonal møbelindustri. Det er blitt mange prisar, utstillingar og hederlege omtalar.

Oppvekst og virke på Stord med naturen tett innpå, gjer det vanskeleg å berre teikne rette strekar. Dette ser ein og i Dina-serien med sine organiske formar. Omgjevnader frå oppvekst på 60-talet har også vore ei inspirasjonskjelde.

Med bakgrunn frå møbelindustrien starta han i 1977 eigen praksis som interiørarkitekt og møbeldesignar, og har motteke ei rekke prisar og utmerkingar:

  • 1977-2002 Merket for god design 7 ganger
  • 1991 NOR-IN Prisen
  • 1995 2. Pris: Tre uten Grenser
  • 2003 Beste Design Produkt: Salon Deu Meuble, Paris
  • 2004 Furniture of the year in Norway – Elle Decoration International Design

Heimeside: http://eldoy.no/

Katalog: DINA (PDF)