Kristian Østensen

Kristian Østensen, designer for Tonning & Stryn

Kristian Østensen vart fødd i 1937, og har heile sitt liv vore i møbelbransjen. Han starta som læregut, har gått gradane innan produksjon, vidare til sal/marknadssføring og design.

I 1991 skapte han Rosmersholm-serien for oss. Då henta han inspirasjon frå Ibsen og eit frodig borgarleg miljø. Denne epoka var sterkt prega av stilartane Empire og Biedermeier. Rosmersholm-møblane har oppnådd stor anerkjenning.

I 2003 tegna han møbelserien Hamsun. Frå Ibsens borgarlege frodigheit har han skapt ein stilistisk, nestan spartansk møbelserie, med enkle, reine linjer og detaljar.

Det er ikkje tilfeldig at Kristian Østensen også no henter inspirasjon frå ein av våre store forfattarar. Sjølv om Hamsun var og er kontroversiell, har Østensen stor sans for hans markante romanfigur, Isak Sellanrå, og hans enkle, nøysemde livsstil. Noko som reflekterast i vår Hamsun-serie.