Andreas Engesvik, designer for Tonning & Stryn

Han har ein imponerande CV, og samarbeidet med Tonning & Stryn har førebels enda opp i kolleksjonane Vang og Gol.

Med ein bachelor i kunsthistorie frå Universitetet i Bergen og designstudiar ved National College of Art and Design, var han med å starte Norway Says i år 2000. I skrivande stund arbeider han for seg sjølv, og har eit gjesteprofessorat ved Konstfack i Stockholm.

Vang (stol og spisebord) og Gol (skap og bord) har nære slektskapsband. Dei er gode eksempler på Tonning & Stryn sin filosofi om solid byggekvalitet med gode materialer, men mest av alt fortel dei om ein enkel og tydeleg designfilosofi. Andreas har røtene godt planta i norsk designtradisjon, samstundes som han evnar å tenke nytt.

Om ein ser på Vang-stolen, kan ein sjå linjer frå Tonning & Stryn-kjenningen “Ola Windsor”-stolen, men den er òg noko for seg sjølv. I Vang har Andreas laga ein klassikar. Vi håpar å kunne lage fleire møblar saman med han i framtida.

Nokre høgdepunkt i Andreas si karriere
Red Dot Award 2012 & 2014
Elle Decoration Award, Årets møbel 2013
Designer of the Year 2012 & 2013, Bo Bedre Magazine awards
ICFF Editors Award, beste tekstil, New York 2013
Årets designer 2012, Elle Decoration Award, Oslo 2012
IF Product Design Award 2010
Wallpaper design Award 2009, 2009
Torsten & Wanja Søderberg Award, Sweden 2007
Wallpaper design Award 2004, (beste sofa) 2004
The Bruno Mathsson Award, Sweden 2004.

Heimeside: http://www.andreasengesvik.no